tirsdag, oktober 31, 2006

Referat frå Båtførar-møte

Referat frå Båtførar-møte mandag 30.oktober 2006


Måndag kveld vart eit nytt båtførarmøte halde heime hjå underteikna. Til saman 11 personar møtte og ein del gode idéar vart drøfta:

* Klubbregatta
* Helgetur i november
* Medlemssegling fram mot jul
* Teorikveldar
* Segling for Nordnes Skule
* Klubbhus
* Sponsor og mediestrategi
* Vedlikehald på båtane



Klubbregatta:

Det er ynskjeleg å avvikla ein klubbregatta med fleire like båtar. For å engasjera nybyrjarar bør det vera ein regel at minst halve laget er nybyrjarar. I fjor arrangerte ein dette på Puddefjorden med publikumslokale på USF. Dette krev ein del inntekter og er arbeidskrevjande. Ein tanke kan difor vera å arrangera dette som ein eigen RAN-tur etter jul. Aktuelle båttypar å tevla med kan vera Express eller Yngling. Ein bør freista å få til lagdanning så snart som råd slik at dette vert eit arrangement som det vert arbeidd fram i mot.



Helgetur

Laurdag 18. og sundag 19. november dreg BSI/Seiling på overnattingstur til Toftarøy (heilt sørvest på Sotra – sjå kart her). Ein freistar å få til så mange båtar som råd. Dersom vêret tillét det, vil ein ta sikte på å gå ut i havet. Overnatting skjer i båtane + eit hus som Gunnar Storebø har tilgang på. Påmelding skjer til Siv Fuglum.



Medlemssegling fram mot jul

Begge båtane vert sett på medlemssegling samstundes. Desse dagane vert det sett opp båtførarar og båtane er elles ledige til å reservera. Båtførarar som ynskjer å byta dagar ordnar dette på eiga hand.



Teorikveldar

Det vert arbeidd med å få til nokre teorikveldar fram mot jul samt ei skikkeleg juleavslutning.



Segling for Nordnes Skule

Den aldri kvilande Thomas Svendsen har ordna ein avtale med Nordnes Skule der BSI/Seiling skal ha to turar med Nordnes Skule. Det er 20 SFO-barn på 9 år som har fått dette tilbodet og BSI/Seiling får ein del inntekter på dette. Tanken er å gjera ein tur ut til RAN og eta litt varm mat der før ein returnerar inn til Bergen. Det trengst båtførarar og dersom du har lyst på ein tur er det berre å ta kontakt med Thomas.



Klubbhus

Thomas og Geir Olav arbeider med saka. Søknad må sendast til Bergen kommune for løyve til å setja opp eit midletidig bygg. Ein må óg sjå på ulike praktiske sider ved dette prosjektet. Tanken er at klubben skal få eit lokale der ein kan lagra ting + ha sosialt samvær. Er du lysten på å bidra til å få dette til i løpet av vinteren? Ta kontakt med Geir Olav eller Thomas!



Sponsor og mediestrategi

Kjell Magnus jobbar med å få til eit oppslag om klubben i Seilmagasinet. Kanskje kjem Nordnes Skule-seglinga inn der óg.



For å realisera klubbhuset trengst det sjølvsagt ein del pengar. Dersom ein arbeidar seriøst, bør det ikkje vera vanskeleg å få inn midlar til klubben hjå eksterne sponsorar. Geir Olav og Thomas arbeidar med å oppdatera eit prospekt om klubben. Dersom du er interessert i å bidra til å skaffa sponsormidlar, er det berre å melda seg til teneste!



Vedlikehaldsarbeid

HP har ein del småskader og burde vore ein tur på land. Problemet er at årstida/temperaturen ikkje er gunstig for å arbeida med gelcoat/bunnstoff.



Det vart drøfta å gjera ein dugnad i samarbeid med Per rundt kaiane i Dikkedokken. Aktuelle tiltak: spikra trinn i kaifronten på begge båtplassane og rydda buskar og kratt kring dokken.



Ref.

Kjell Magnus Økland

lørdag, oktober 28, 2006

Dead last...

...but still happy!

Today, Saturday 28.October, a gang from BSI Seiling competed in the Bergen Dodgeball Championship. The team were Ina, Christina, Raelene, Hannah, Frode, Torbjørn and Jarle, (Kristoffer did a "Quisling" and joined another team, "Vinnerlaget", but they lost as well).

Team Photo
From the left: Raelene, Hannah, Frode, Ina, Jarle, "Quisling", Torbjørn and Christina.


Ready?




Everything under control...eh...maybe not.

The thing is, we had some great fun, even tough we didn`t win, and this shows that we can have fun togehter also when we`re not out on the fjord sailing.

tirsdag, oktober 24, 2006

Båtførermøte mandag 30. oktober kl. 1930

Båtførermøte for å arbeide videre med idéer til turer, kurs, arrangement, drift av klubben samt å sette opp seilplan for november. Møtet skjer hos Kjell Magnus og Karen i Nygårdsgaten 64.

mandag, oktober 23, 2006

Dodgeball!

The coming weekend there are a Bergen Championship in Dodgeball at the Norwegian Naval Academy. Anyone who wanna join? This is just for fun, so you don`t have to know how to play dodgeball, but we`ll try to have a practice session some time this week. Do you think this sounds fun? Then you can contact me by mail jarle.kristoffersen@student.uib.no or by SMS 99775324.

torsdag, oktober 12, 2006

BSI/Seiling - framtida og nye idéar

To those that don´t speak norwegian:

Sorry for writing this document only in norwegian, but if you have any questions about the contain please don´t hesitate to contact Kjell Magnus or any other present at the meeting and we will try to explain.


Tysdag 10. oktober var det samla til saman 11 personar heime hjå Karen og Kjell Magnus og det vart drøfta ulike sider ved aktiviteten til BSI/Seiling. Tilstades var Mike, Jan Erik, Knut, Jarle, Ole Christian, Marius, Thomas, Benjamin, Karen og Kjell Magnus. Mange gode idéar kom fram og dette kan vera eit fyrste steg på vegen til ei enda betre drift av klubben.


Dei konkrete framlegga som kom opp er som fylgjer:



1. Båtførarane set sjølve opp seglplanen. Dette reduserar pliktkjensla og gjer meir lystprega segling som høver betre for den enkelte båtførar. Ein arrangerar eit båtførarmøte mot slutten av kvar månad der flest mogleg båtførarar stiller/evt. sender inn sine ynskjer om segldagar på epost. Slike båtførarmøter kan gjerne gå på omgang heime hjå ulike båtførarar då me neppe vert særleg meir enn 15 som stiller samstundes.



2. Ein tilstrebar at begge båtane seglar samstundes og heller går litt ned på talet på oppsette dagar pr. veka. I dag vert det sett opp BF på ein båt kvar dag, dettte gjer til saman 7 turar per veke. I staden kan me gå over til å setja opp BF på 2 båtar 4 dagar i veka, noko som gjer i alt 8 turar per veka. Dette forutset at dei to båtførarane som skal ut same dagen kommuniserar seg i mellom.



3. Dela veka inn i ulike tema. I dag er ofte seglinga prega av at ein går utpå utan nokon konkret plan om kva ein skal fylla turen med. Dersom det finst ein plan på førehand om kva dagens tur går ut på, vil både båtførar og medlemmar i større grad kunne velja den type segling som dei sjølve er interressert i.



Veka kan til dømes sjå slik ut:

Måndag: Fast nybyrjardag – grunnleggjande innføring i segling, skapa forståing for seglomgrep og dei fysiske prinsippa. Ved å ha ein fast dag i veka til nybyrjarsegling kan klubben rekruttera nye medlemmar heile året og ikkje berre ved semesterstart. Tidleg i semesteret må sjølvsagt talet på nybyrjardagar aukast slik at ein får dei fleste nybyrjarane opp på eit nokolunde nivå så raskt som råd.



Tysdag: vedlikehaldsdugnad/sosialt på begge båtane. I dag er vedlikehaldet på båtane prega av eit stort skippertak i semesteret. Dersom me kan få til jamnare vedlikehaldsarbeid (til dømes ei slik vedlikehaldsøkt annakvar veke) vil me kunne halda båtane i betre stand og folk vil sjå at tilstanden på båtane faktisk kan betra seg óg (i dag går det stort sett berre nedover…). Kanskje det bør innførast ei slags dugnadsplikt på båtane både for BF og medlemmar, til dømes at ein må møta ein gong i semesteret på ei slik dugnadsøkt.



Onsdag: fri segltur. BF avgjer i saman med mannskapet kva ein vil gjera.



Torsdag: nokre stikkord: sjømannskap/nattsegling/mann over bord/manøvrering/fortøying/sleping/knutar/ankring/båtdrift/bunkring av bensin. Dette bør vera den aktivitetstypen som vonleg kan rekruttera nye båtførarar.



Laurdag: Litt lengre tursegling. I større grad få til at begge båtane seglar i lag. Ein tur på 4-7 timar.



Sundag: Regatta/pølsebane på Puddefjorden/spinnakersetjing/båthandling. Som skissert i seglplanen no fyrstkomande sundag. Her finst det óg eit stort potensiale for samarbeid med andre expressseglarar i Byfjorden.



4. Vidare kan det vera interessant å gradera dei ulike temadagane opp i ulike nivå for å stimulera folk (både BF og vanlege seglarar) til å søka seg til eit nivå som passar for den enkelte, til dømes:

Nivå 1 = lavt, for nybyrjarar (folk som har segla 0-2 gongar før)

Nivå 2 = middels (folk som forstår basic og kan litt frå før)

Nivå 3 = høgt (folk som aspirerar til å verta båtførarar)



5. Få inn info på heimesida om kva dei ulike tematurane går ut på, kva ein meinar med nivå 1, 2 og 3 og dessutan få ut ei ordliste med alle segluttrykka på både norsk og engelsk. Sistnemnde bør óg leggjast i båtane i laminert utgåve. Det må óg leggjast ut info om kva dei ulike opplegga går ut på. Marius har eit opplegg som han publiserar.



6. Meir aktiv bruk av seglplanen. Båtførarar bør verta flinkare til å bruka seglplanen aktivt. Det finst høve til å laga til eit pop-up-vindu der ein lett kan leggja inn teksten som fortel kva tankar båtføraren gjer seg om innhaldet dagens tur.



7. Fadderordning. Kan det vera ein tanke å gje same båtførar ansvaret for å læra opp ein fast gjeng opp til eit høveleg nivå? Til dømes ha 3-4 økter med same gjengen i starten av semesteret? Ei utfordring med ei slik fadderordning er å få samkjørt at alle personane i eit mannskap skal ha tid samstundes.



8. Tursegling – helgeturar med i alle fall ei overnatting. Alle er samde om at Ran-turen er eit høgdepunkt i semesteret, men denne turen er også svært krevjande å arrangera då det er store logistikk-utfordringar. Ved å dra på reine seglturar får ein like stor aktivitet og ein får logistikk-utfordringane ned på eit lågare nivå. (Dette må ikkje tolkast som at ein skal slutte å arrangera Ran-tur!) Klubben har sjølv to båtar ein kan fint dra på tur med. Vidare er det fleire i klubben som anten har båt sjølv eller har tilgong på båt. Dette bør me utnytta betre. Som eit døme kan det nemnast at det under Ran-turen vart drøfta å få til ein tur til Fedje med Expressane og Christophe sin båt. Vidare kan det tenkjast at me kan få med oss X99´ane til Sjøkrigsskulen óg. Kanskje det bør vera eit mål med ein slik overnattingstur i månaden?



9. Sosialt. Det vart etterlyst eit båtførarmøte. Dersom ein går over til det som er skissert i punkt 1, så vil det verta eit slikt båtførarmøte ein gong i månaden. Vidare er det ikkje tvil om at medlemsmøta har eit stort forbetringspotensial. Helst bør dei verta arrangerte på ein stad der det er råd å kombinera både teori og sosialt samvær. Thomas lova å sjekka ut aktuelle stader der me kan få til bra medlemsmøter i framtida.



10. Teori-kurs. Under Ran-turen og elles óg har eg forstått det slik at folk heller vil ha mest mogleg praksis i starten og så kan ein evt. fylla på med teori når ein har gjort seg sine eigne erfaringar på fjorden. Kanskje bør det setjast inn ein teori-intensiv noko uti semesteret i staden for heilt i starten? Vidare er det heilt sikkert interesse for meir avanserte teorikveldar med til dømes vidaregåande segling, regattataktikk/reglar eller navigasjon/sjøvegsreglar.



11. Så ei oppmoding til alle båtførarar om å hjelpa styret med å gjera det lettare å driva klubben. I samband med Ran-turen vart det sendt ut fleire epostar med oppmoding om å gje tilbakemelding utan at dette skjedde til stor frustrasjon frå dei i styret som stod på og arbeidde for å få til ein bra Ran-tur.



12. Generelle mål: Involvera fleire aktivt i arbeidet i klubben og på sikt rekruttera fleire båtførarar. Det bør vera eit naturleg mål for mange nybyrjarar å verta båtførar.


Har du innspel og kommentarar så kom gjerne med det her på bloggen!

Referent:
Kjell Magnus

PS!
Dette vart originalt spreidd på epost. Difor er det eg som reint fysisk har lagt inn dei tre fyrste kommentarane under. Det er altså ikkje slik at eg sit og kranglar med meg sjølv, sjølv om det kan sjå slik ut...
Helsing
Kjell Magnus

tirsdag, oktober 10, 2006

Students championship in Dodgball

The weekend 27-29.October Valkyrien IL (the Norwegian Naval Academys sports club) will arrange a Students championship in Dodgeball. Everyone who is a member of a students sports club are welcome to sign up with a team. On saturday morning there will be an opening ceremony, and the matches are played during the day and afternoon, there will also be some entertainment, and in the evening there will be a banquet. Deadline for signing up is 17.October. For further information follow this link. Unfortunatly it is only in Norwegian. If any of the members not speaking/reading norwegian have any questions, feel free to contact med at jarle.kristoffersen@student.uib.no.

mandag, oktober 09, 2006

Og litt til...






Fann eit par bilete til som er verdt å visa fram
Helsing
Kjell Magnus

Nokre bilete frå Ran-turen







Eit par glimt frå Ran-turen

Helsing
Kjell Magnus

Båtførarmøte

Heisann båtførarar/styret

Vil berre minna om båtførarmøtet i morgon kl. 1900

Nygårdsgaten 64, (gul lapp på dørklokka: Karen & Kjell)

Ei slags saksliste:

* Kartleggja kva båtførarane vil/har lyst til å gjera
* Evaluera pedagogiske røysnler og fordela undervisningstriks
* Kvifor vera båtførar for BSI/Seiling? Kvifor forsvinn folk?
* Nyrekruttering av båtførarar – korleis og kven?
* Drøfta idéar for hausten og på litt lengre sikt: kurs/turar/andre arrangement
* Generellt laust seglprat/sosialt



Servering:

I kjøleskapet vårt ligg ein del restar frå turen i helga

(pølser/pølsebrød/nokre få burgerar/tilbehør)

Tanken er at me lagar til det beste me kan få til ut av dei råstoffa me har

Av drikke byr me på te/kaffi/saft og kanskje noko meir...



Helsing

Kjell Magnus & Karen

søndag, oktober 08, 2006

A big THANKS to everyone!

I would like to say thank you to all of you that have been on the trip to RAN this weekend, you have all made this trip to be a big success, and I hope that you all have been enjoying the trip as much as I have (even tough some of you went to bed earlier than I), and that I soon see you at one of the membersmeetings or out sailing. See ya!

torsdag, oktober 05, 2006

Mike!

You can find proper gear at "Seilmaker Iversen" in Sandviken, see map here.

Weather clothing and other gear

Hi! Can anobody tell me, where in Bergen I can find a well equipped shop selling sailing stuff from good weather clothing to nautical charts or ropes etc.? Thanks and C U @ RAN this weekend...

Updated links

The links from the website is now updated. Here you can find a lot of interessting stuff, for example som videos showing the diversety in the sport of sailing. Take a look here!

onsdag, oktober 04, 2006

Article about BSI Seiling in Studvest

Today, 4.October, we got a whole page in Studvest about the club and about the trip to RAN, good publicity for the club. See the article here. More links to articles in student media here.

Ymse info

KM
Ein stor takk til alle som var med og hjalp til med å avvikla KM. BSI har fått skryt for sin innsats og forøvrig er det lagt ut ein del bilete frå KM på www.kmturhav.com.

Seiltreff onsdag 4. oktober
Hordaland Seilkrets arrangerar seilertreff på Bryggen Tracteursted kl. 1900. Det vert premieutdelingar fra fleire av årets seglaser. Det vert premieutdeling for Askøy Rundt, Stord Rundt, Krestmesterskapet og Hordacup - og kanskje fleire seilaser. Vidare vert det regelhjørne og dessutan presentasjon av Terminlisten for neste år. Dette er eit glimrande høve til å få seg ein seglprat og treffa andre seglarar.

Ran-tur
Det nærmar seg den store turen til Ran. Førebels er det ein del ledige plassar på turen. Eg vil difor oppmoda alle som har lyst til å melda seg på for dette plar vera ein svært kjekk tur som er verdt å få med seg! På Ran-turen kjem dessutan Seilmagasinet sin medarbeidar Trond J. Hansen for å laga reportasje om klubben.

Sjekk forøvrig artikkel om BSI/Seiling i sporten i dagens Studvest! Det har óg stått ein artikkel i Studvest om BSI/Seiling tidlegare i haust.

Båtførarmøte
Eg har teke eit initiativ for at det vert etablert eit båtførarforum. Tanken er å samla flest mogleg av båtførarane eit par gongar i semesteret. Då kan ein drøfta litt kva folk tenkjer om drifta av klubben, utveksla erfaringar kring undervisning og lodda stemninga for ulike tiltak. Fyrste båtførarmøte vert hjå Karen og meg tysdag 10 oktober kl. 1900. Adresse: Nygårdsgaten 64.

Regattatrening
Sundag 15. oktober inviterar BSI/Seiling til haustens fyrste regattatrening på Puddefjorden. Me satsar på å få både Mille & HP med på dette + kanskje ein del av dei andre expressane. (Nemnt i mest trulege rekkefølge: Mavi, Tigerjenten, Whiplash, Sun Express, Storm, Junior, Sweatty Betty, Nicoline, Malvin, Statsråd Normann). Det vert lagt ut pølsebane på Puddefjorden. Litt avhengig av kva folk ynskjer fokuserar ein anten på båthandling, starting eller køyrer vanlege regattaer. Tanken er å gjera dette kvar sundag vinteren gjennom slik at Mille og HP snart toppar alt av resultatlister! Interessert i å vera med? Ta kontakt med underteikna.

Helsing
Kjell Magnus