torsdag, oktober 12, 2006

BSI/Seiling - framtida og nye idéar

To those that don´t speak norwegian:

Sorry for writing this document only in norwegian, but if you have any questions about the contain please don´t hesitate to contact Kjell Magnus or any other present at the meeting and we will try to explain.


Tysdag 10. oktober var det samla til saman 11 personar heime hjå Karen og Kjell Magnus og det vart drøfta ulike sider ved aktiviteten til BSI/Seiling. Tilstades var Mike, Jan Erik, Knut, Jarle, Ole Christian, Marius, Thomas, Benjamin, Karen og Kjell Magnus. Mange gode idéar kom fram og dette kan vera eit fyrste steg på vegen til ei enda betre drift av klubben.


Dei konkrete framlegga som kom opp er som fylgjer:



1. Båtførarane set sjølve opp seglplanen. Dette reduserar pliktkjensla og gjer meir lystprega segling som høver betre for den enkelte båtførar. Ein arrangerar eit båtførarmøte mot slutten av kvar månad der flest mogleg båtførarar stiller/evt. sender inn sine ynskjer om segldagar på epost. Slike båtførarmøter kan gjerne gå på omgang heime hjå ulike båtførarar då me neppe vert særleg meir enn 15 som stiller samstundes.



2. Ein tilstrebar at begge båtane seglar samstundes og heller går litt ned på talet på oppsette dagar pr. veka. I dag vert det sett opp BF på ein båt kvar dag, dettte gjer til saman 7 turar per veke. I staden kan me gå over til å setja opp BF på 2 båtar 4 dagar i veka, noko som gjer i alt 8 turar per veka. Dette forutset at dei to båtførarane som skal ut same dagen kommuniserar seg i mellom.



3. Dela veka inn i ulike tema. I dag er ofte seglinga prega av at ein går utpå utan nokon konkret plan om kva ein skal fylla turen med. Dersom det finst ein plan på førehand om kva dagens tur går ut på, vil både båtførar og medlemmar i større grad kunne velja den type segling som dei sjølve er interressert i.



Veka kan til dømes sjå slik ut:

Måndag: Fast nybyrjardag – grunnleggjande innføring i segling, skapa forståing for seglomgrep og dei fysiske prinsippa. Ved å ha ein fast dag i veka til nybyrjarsegling kan klubben rekruttera nye medlemmar heile året og ikkje berre ved semesterstart. Tidleg i semesteret må sjølvsagt talet på nybyrjardagar aukast slik at ein får dei fleste nybyrjarane opp på eit nokolunde nivå så raskt som råd.



Tysdag: vedlikehaldsdugnad/sosialt på begge båtane. I dag er vedlikehaldet på båtane prega av eit stort skippertak i semesteret. Dersom me kan få til jamnare vedlikehaldsarbeid (til dømes ei slik vedlikehaldsøkt annakvar veke) vil me kunne halda båtane i betre stand og folk vil sjå at tilstanden på båtane faktisk kan betra seg óg (i dag går det stort sett berre nedover…). Kanskje det bør innførast ei slags dugnadsplikt på båtane både for BF og medlemmar, til dømes at ein må møta ein gong i semesteret på ei slik dugnadsøkt.



Onsdag: fri segltur. BF avgjer i saman med mannskapet kva ein vil gjera.



Torsdag: nokre stikkord: sjømannskap/nattsegling/mann over bord/manøvrering/fortøying/sleping/knutar/ankring/båtdrift/bunkring av bensin. Dette bør vera den aktivitetstypen som vonleg kan rekruttera nye båtførarar.



Laurdag: Litt lengre tursegling. I større grad få til at begge båtane seglar i lag. Ein tur på 4-7 timar.



Sundag: Regatta/pølsebane på Puddefjorden/spinnakersetjing/båthandling. Som skissert i seglplanen no fyrstkomande sundag. Her finst det óg eit stort potensiale for samarbeid med andre expressseglarar i Byfjorden.



4. Vidare kan det vera interessant å gradera dei ulike temadagane opp i ulike nivå for å stimulera folk (både BF og vanlege seglarar) til å søka seg til eit nivå som passar for den enkelte, til dømes:

Nivå 1 = lavt, for nybyrjarar (folk som har segla 0-2 gongar før)

Nivå 2 = middels (folk som forstår basic og kan litt frå før)

Nivå 3 = høgt (folk som aspirerar til å verta båtførarar)



5. Få inn info på heimesida om kva dei ulike tematurane går ut på, kva ein meinar med nivå 1, 2 og 3 og dessutan få ut ei ordliste med alle segluttrykka på både norsk og engelsk. Sistnemnde bør óg leggjast i båtane i laminert utgåve. Det må óg leggjast ut info om kva dei ulike opplegga går ut på. Marius har eit opplegg som han publiserar.



6. Meir aktiv bruk av seglplanen. Båtførarar bør verta flinkare til å bruka seglplanen aktivt. Det finst høve til å laga til eit pop-up-vindu der ein lett kan leggja inn teksten som fortel kva tankar båtføraren gjer seg om innhaldet dagens tur.



7. Fadderordning. Kan det vera ein tanke å gje same båtførar ansvaret for å læra opp ein fast gjeng opp til eit høveleg nivå? Til dømes ha 3-4 økter med same gjengen i starten av semesteret? Ei utfordring med ei slik fadderordning er å få samkjørt at alle personane i eit mannskap skal ha tid samstundes.



8. Tursegling – helgeturar med i alle fall ei overnatting. Alle er samde om at Ran-turen er eit høgdepunkt i semesteret, men denne turen er også svært krevjande å arrangera då det er store logistikk-utfordringar. Ved å dra på reine seglturar får ein like stor aktivitet og ein får logistikk-utfordringane ned på eit lågare nivå. (Dette må ikkje tolkast som at ein skal slutte å arrangera Ran-tur!) Klubben har sjølv to båtar ein kan fint dra på tur med. Vidare er det fleire i klubben som anten har båt sjølv eller har tilgong på båt. Dette bør me utnytta betre. Som eit døme kan det nemnast at det under Ran-turen vart drøfta å få til ein tur til Fedje med Expressane og Christophe sin båt. Vidare kan det tenkjast at me kan få med oss X99´ane til Sjøkrigsskulen óg. Kanskje det bør vera eit mål med ein slik overnattingstur i månaden?



9. Sosialt. Det vart etterlyst eit båtførarmøte. Dersom ein går over til det som er skissert i punkt 1, så vil det verta eit slikt båtførarmøte ein gong i månaden. Vidare er det ikkje tvil om at medlemsmøta har eit stort forbetringspotensial. Helst bør dei verta arrangerte på ein stad der det er råd å kombinera både teori og sosialt samvær. Thomas lova å sjekka ut aktuelle stader der me kan få til bra medlemsmøter i framtida.



10. Teori-kurs. Under Ran-turen og elles óg har eg forstått det slik at folk heller vil ha mest mogleg praksis i starten og så kan ein evt. fylla på med teori når ein har gjort seg sine eigne erfaringar på fjorden. Kanskje bør det setjast inn ein teori-intensiv noko uti semesteret i staden for heilt i starten? Vidare er det heilt sikkert interesse for meir avanserte teorikveldar med til dømes vidaregåande segling, regattataktikk/reglar eller navigasjon/sjøvegsreglar.



11. Så ei oppmoding til alle båtførarar om å hjelpa styret med å gjera det lettare å driva klubben. I samband med Ran-turen vart det sendt ut fleire epostar med oppmoding om å gje tilbakemelding utan at dette skjedde til stor frustrasjon frå dei i styret som stod på og arbeidde for å få til ein bra Ran-tur.



12. Generelle mål: Involvera fleire aktivt i arbeidet i klubben og på sikt rekruttera fleire båtførarar. Det bør vera eit naturleg mål for mange nybyrjarar å verta båtførar.


Har du innspel og kommentarar så kom gjerne med det her på bloggen!

Referent:
Kjell Magnus

PS!
Dette vart originalt spreidd på epost. Difor er det eg som reint fysisk har lagt inn dei tre fyrste kommentarane under. Det er altså ikkje slik at eg sit og kranglar med meg sjølv, sjølv om det kan sjå slik ut...
Helsing
Kjell Magnus

3 Comments:

Blogger BSI Seiling said...

Hei folkens!



Eg vil gjerne bidra med eit par kommentarar til mailen Kjell M sendte ut.



Generelt syns eg det meste som er sett opp som tiltak store forbetringer dersom dei kan utførast. Ein må berre være litt forsiktig ang graden av organisering og engasjement som må til. Det har jo ofte vore gjort forsøk på store organiseringskrevjande ting før, og det meste som har krevd organisering har falt i fisk så lenge ikkje nokon (dvs somregel ein eller to) har vore primus motor for det. Men så lenge der er folk med tid og energi til det, og der er nokon som held trådane ser eg ikkje noko problem. Det er min hovudkommentar.



I tillegg har eg to enkeltkommenatarar:



1: Eg meiner i utgongspunktet at den faste oppsetjinga av bf-erar bør fortsetje, i alle fall i begynnelsen av semestret (dvs hovudsakleg etter nybegynnerkurset). Dette fordi at når bf-erane set seg opp sjølve betyr det somregel at dei har organisert ein gjeng på førehand og dette ekskluderer enkeltpersoner som vil segle. Men på andre sida må ein byrje å spørre bf-erane om kva dagar det passer for dei FØR ein set opp seglplanen. Dette vart gjort under forrige styre. Det eg kunne sjå føre meg er ein kombinasjon av det du (Kjell M) tenkjer og det som har vore (syns forslaget til oppsett man-tys-ons-tors etc er alt for detaljert og styrande). Dvs at eg tenkjer at ein set opp uspesifisert segling nokre dagar og spesifiserer seglinga andre dager (feks regattatrening/matchrace etc). Då kan ein feks setje opp dei bf-erane som har lyst å trene til regatta saman på visse dagar slik at ein er garantert at viljen er tilstades. Eg syns det er vanskeleg å rettferdiggjere at ein skal fortelje folk korleis dei skal segle og kva dei skal ta føre seg på fleirtalet av dagane. Ein bør la folk behalde initiativet i størst mogleg grad og la dei organisere seg sjølve. Det vil seie at eg meiner at alt som er organisert av dei som sjølve skal utføre det er av det gode, men å fortelje folk kva detaljert kva dei skal gjere og når er problematisk. Det ein kal gjere er å spesifisere nokre dagar til feks regattatrening, samt oppfordre folk til å organisere seg sjølve frivillig ellers med idèar om kva ein kan finne på. Det siste er noko som sjølvsagt er mykje lettare å få til dersom det vert slik at bf-møter blir ein fast ting slik at folk får snakka saman.



2: Pkt sju er prøvd før. Det fungerer erfaringsmessig ikkje då folk fell frå og andre ting kjem i vegen etc etc. Eg trur det nærmaste ein kan kome ei slik fadderordning er at ein feks organiserer lag fram mot evt klubbmeisterskap slik som i fjor haust.



Ellers håpereg at båtførarane kan dras inn mykje meire i klubbarbeidet og at det kjem mykje initiativ framover fra den fronten!! Slik eg ser det er stikkordet eingenorganisering og utføring på eiget initiativ.



Mvh Geir Olav

12 oktober, 2006 17:50  
Blogger BSI Seiling said...

Hei,

Kommentar til kommentaren..:)

Det mest positivet som kom ut av møtet igår er etter min mening at vi fikk i
gang en konstruktiv diskusjon. Om ideane vi diskuterte er gode eller i det hele
kan gjenomføres må selvfølgelig diskuteres videre. Kanskje ideane må endres
litt, justeres, det er helt rett. Eg mener det vi diskuterte vedr. "tema", og
ferre seildager men to båter og graden av organisering ikkje nødvendigvis er
endringer vi trenger å sette igang med engang. Det blir forhastet etter min
mening. Mitt poeng er å begynne enkelt. Klarer vi å få igang et fast og
båtførermøte jevnlig og at båtførerene der kan diskutere forbedringer videre er
vi kommet langt på vei. På disse møtene er det kanskje også mulig å sette opp
seilplanen sammen. Der båtførerene får bedre mulighet til å få seile de dager
det passer best. Og ikke minst hvis dette kan bli noe sosialt blir båtførerene
bedre kjent, lærer mer av hverandre og mer samkjørt.

Når det gjelder det vi diskuterete om mer fastsatt innhold ulike dager i uken
tror eg Geir Olav muligens har misforstått litt. Vi snakket ikke om å pålegge
båtførerene oppgaver de må gjennomføre. Planene og "program" for de ulike
dagene er noe som nødvendigvis må planlegges på et båtførermøte. For at ta et
eksempel slik eg tenker det: Båtførermøte i slutten av januar; Eg legger frem
at det passer for meg å seile 4, 10, 18 feb, disse dagene ønsker eg som
båtfører å ha en dag nybegynnerseiling (der alle medlemer som vil kan være med,
og nye medlemmer vet dette er dagen der man ikke trenger å kunne noe.), en dag
med la oss si starttrening (det blir et signal til de medlemmene som har lyst å
lære om dette og som kanskje kan en del fra før kan delta på), en dag med noe
annet... Eg får gjerne med meg en annen båtfører som ser for seg det sammen og
vi går sammen og seiler hver vår båt disse dagene. Det trenger ikke være et
fast mønster for et tema mandag, et ons,..osv. dette er noe som kan settes opp
mnd for mnd gjennom samarb. Da vil det helt naturlig bli noen dager med
spesifisert seiling og andre dager med uspesifisert seiling. Det blir opptil
båtførerenes egne ønsker og evner. Da kan det kanskje bli mer innholdsrikt for
båtførerene og medlemmene får et mye bredere tilbud på flere nivåer slik Kjell
M skisserte. Eg forstår beskymringene som Geir Olav tenker seg, det er ikke
sikkert det kan fungere, men å diskutere muligheten og å prøve å engasjere
medlemmene, kanskje båtførerene i første omgang, er eneste veien å gå etter min
mening. Ingenting kan endres over natten, det må skje gradvis.

En annen ting er at det ikkje kan være slik båtførerene skal legge planer for
en fast gjeng de kjenner når det er slik spesifisert seiling. Det skal være
medlemseiling for alle medlemmer, men ved å på planlegge ulike "tema" for ulike
dager og annonsere dette på en god måte vil medlemmer på alle nivå bedre kunne
forutsi hva de kan forvente, og melde seg på dager som appellerer til de. Da
får medlemmer på ulike nivå mulighet til å utvikle seg, ikke bare ha en
mulighet til å dra på fjorden for kosen sin skyld. Det kommer nok til å være
nok av mulighet for det også. Og dersom det blir lagt opp til "medlemsseiling"
med to båter eksempelvis man, ons, fre, søn med ulike tema og nivåer, er det
samtidig stort rom for at båtførere og deres "gjenger" kan booke båten å gjøre
hva de vil de andre dagene.

Eg ser at sikkert både meg og Geir Olav og de fleste andre båtførerene er enig
i hovedtrekkene i det som har vært diskutert. Men alle ser ting litt annerledes
og det blir lett missforståelser. Det er nettopp derfor det er så viktig å
kunne møtes, bli kjnet og diskutere etter min mening.

Eg kan gjenta mitt viktigst argument; Starte enkelt, tenke mer fremmover og
prøve å utvikle oss over tid! Organisering og utføring etter eget initiativ er
selvfølgelig rett vei å gå, men dette krever et miljø av båtførere og medlemmer
som kjenner hverandre. Har vi et godt slik miljø i dag?

Mvh
Ole Chrsitian
(en båtfører som ikke er så godt kjent i klubben og som føler det kan være
vanskelig å bli kjent med klubbmiljøet)

12 oktober, 2006 17:51  
Blogger BSI Seiling said...

Jau, dersom ein kombinerer det som Kjell M skreiv med det Ole Chr skriver syns jeg det høres riktig bra ut (oppsummert blir det jo egentlig: mer organisering=selvorganisering + mere initiativ). Bare viktig at det blir de samme som planlegger noe som utfører det tenker jeg. Ingenting i veien for at en feks har en "vanlig" seileplan av en eller annen art i utgangspunktet, men at båtførerne går inn og fikser på planen på en hvilken som helst måte en viss tid i forveien og lager "temadager". Ingenting er bedre!!!

Det er nå slik at jeg kanskje tenker litt organisatorisk-praktisk, det er etter min mening viktig å kombinere engasjementet med det praktiske. Forøvrig veldig enig med Ole Chr i at noe av det viktigste er at en kommer igang med tanker og debatt omkring hvordan en vil ha og gjøre ting. Det er derfor jeg syns at Kjell M sitt initiativ er så genialt. (Dvs, at dersom noen i en eller annen BSI Seiling sammenheng gidder å ta seg tid til å kritiserer meg (evt nord og ned) er jeg svært fornøyd med dèt :o)

Mvh Geir Olav

12 oktober, 2006 17:51  

Legg inn en kommentar

<< Home