tirsdag, oktober 31, 2006

Referat frå Båtførar-møte

Referat frå Båtførar-møte mandag 30.oktober 2006


Måndag kveld vart eit nytt båtførarmøte halde heime hjå underteikna. Til saman 11 personar møtte og ein del gode idéar vart drøfta:

* Klubbregatta
* Helgetur i november
* Medlemssegling fram mot jul
* Teorikveldar
* Segling for Nordnes Skule
* Klubbhus
* Sponsor og mediestrategi
* Vedlikehald på båtane



Klubbregatta:

Det er ynskjeleg å avvikla ein klubbregatta med fleire like båtar. For å engasjera nybyrjarar bør det vera ein regel at minst halve laget er nybyrjarar. I fjor arrangerte ein dette på Puddefjorden med publikumslokale på USF. Dette krev ein del inntekter og er arbeidskrevjande. Ein tanke kan difor vera å arrangera dette som ein eigen RAN-tur etter jul. Aktuelle båttypar å tevla med kan vera Express eller Yngling. Ein bør freista å få til lagdanning så snart som råd slik at dette vert eit arrangement som det vert arbeidd fram i mot.



Helgetur

Laurdag 18. og sundag 19. november dreg BSI/Seiling på overnattingstur til Toftarøy (heilt sørvest på Sotra – sjå kart her). Ein freistar å få til så mange båtar som råd. Dersom vêret tillét det, vil ein ta sikte på å gå ut i havet. Overnatting skjer i båtane + eit hus som Gunnar Storebø har tilgang på. Påmelding skjer til Siv Fuglum.



Medlemssegling fram mot jul

Begge båtane vert sett på medlemssegling samstundes. Desse dagane vert det sett opp båtførarar og båtane er elles ledige til å reservera. Båtførarar som ynskjer å byta dagar ordnar dette på eiga hand.



Teorikveldar

Det vert arbeidd med å få til nokre teorikveldar fram mot jul samt ei skikkeleg juleavslutning.



Segling for Nordnes Skule

Den aldri kvilande Thomas Svendsen har ordna ein avtale med Nordnes Skule der BSI/Seiling skal ha to turar med Nordnes Skule. Det er 20 SFO-barn på 9 år som har fått dette tilbodet og BSI/Seiling får ein del inntekter på dette. Tanken er å gjera ein tur ut til RAN og eta litt varm mat der før ein returnerar inn til Bergen. Det trengst båtførarar og dersom du har lyst på ein tur er det berre å ta kontakt med Thomas.



Klubbhus

Thomas og Geir Olav arbeider med saka. Søknad må sendast til Bergen kommune for løyve til å setja opp eit midletidig bygg. Ein må óg sjå på ulike praktiske sider ved dette prosjektet. Tanken er at klubben skal få eit lokale der ein kan lagra ting + ha sosialt samvær. Er du lysten på å bidra til å få dette til i løpet av vinteren? Ta kontakt med Geir Olav eller Thomas!



Sponsor og mediestrategi

Kjell Magnus jobbar med å få til eit oppslag om klubben i Seilmagasinet. Kanskje kjem Nordnes Skule-seglinga inn der óg.



For å realisera klubbhuset trengst det sjølvsagt ein del pengar. Dersom ein arbeidar seriøst, bør det ikkje vera vanskeleg å få inn midlar til klubben hjå eksterne sponsorar. Geir Olav og Thomas arbeidar med å oppdatera eit prospekt om klubben. Dersom du er interessert i å bidra til å skaffa sponsormidlar, er det berre å melda seg til teneste!



Vedlikehaldsarbeid

HP har ein del småskader og burde vore ein tur på land. Problemet er at årstida/temperaturen ikkje er gunstig for å arbeida med gelcoat/bunnstoff.



Det vart drøfta å gjera ein dugnad i samarbeid med Per rundt kaiane i Dikkedokken. Aktuelle tiltak: spikra trinn i kaifronten på begge båtplassane og rydda buskar og kratt kring dokken.



Ref.

Kjell Magnus Økland